Hovudmålet for prosjektet har vore å byggje opp kunnskap for å få ei betre forvaltning av slitasje- og miljøpåverknad. Prosjektet har vektlagt både overvakingsmetodar, slitasjeutvikling, tolegrenser for slitasje, samt tiltak mot slitasje. Femundsmarka nasjonalpark og Fjorda-området i Oppland har vore studieområde, og vi ser spesielt på slitasje på leirplassar. Ei rask oppsummering av funn og tilrådingar: Måleindikatorane i ei slitasjeovervaking må vere forvaltningsrelevante og målbare. Målemetodar finst og dei bør vere billige, raske og enkle. Måleprosedyren må vere presis for å gje pålitelege informasjon om slitasjeutviklinga, uavhengig av kven som måler. Moderat slitasje blir opplevd positivt, medan omfattande slitasje er negativt. Slitasjeopplevinga er elles avhengig av individuelle haldningar og av sjølve situasjonen. Typen forvaltningstiltak mot slitasje er ikkje likegyldig. I staden for standardløysingar bør tiltaka tilpassast brukarvariasjon og særpreg for kvart enkelt område. Overvakings- og forvaltningsprogram knytt til effektar av friluftsliv bør setjast i verk (t.d. i desse to studieområda?). Iverksetjing av slike program vil vere med å få fram ny kunnskap om kva som er ”akseptabel påverknad” og ikkje. Men det brukarane aksepterer kan vere annleis enn det forvaltninga aksepterer!

Bestill rapport

Slitasje i verne- og friluftsområde. Om indikatorar og overvaking, trivsel og tolegrenser. | (rapportnr. 199902)

Ditt navn (obligatorisk)

Din adresse (obligatorisk)

Postnummer og sted (obligatorisk)

Send faktura til postadresse

Faktureringsadresse

Postnummer og sted

E-post (obligatorisk)

Antall

Pris: 250,-

Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



X