Gjennom denne rapporten blir det for fyrste gong publisert eit omfattande materiale om innovasjon i norske kommunar. Offentleg sektor er stor og velferdssamfunnet er avhengig av at denne sektoren innoverer. Rapporten byggjer på to landsfemnande spørjeskjemagranskingar og intervju med nøkkelinformantar på fylkesnivå og i kommunar. Studien viser at norske kommunar er innovative. Ein klart større del av kommunane enn av føretaka har innovert i løpet av ein toårsperiode. Trass i at kommunane rapporterer nesten dobbelt så høg innovasjonsaktivitet som private føretak, er vi forsiktige med å utrope dei som ”vinnarar”. Både i vår og SSB sine spørjeskjemagranskingar har svarprosenten vorte låg (ca 35%). Hovudkonklusjonen i studien er at innovasjonspolitiske verkemiddel overfor kommunesektoren er dårleg utvikla. Det som finst av verkemiddel, ser også ut til å vere dårleg utnytta.

Bestill rapport

Kommunesektorens innovasjonsarbeid – ein analyse av verkemiddel og verkemiddelaktørar | (rapportnr. 201011)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 180,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



    X