I denne rapporten vert søkjelyset retta mot trygdefunksjonæren si rolle i handsaming av uførepensjonsaker, og på samhandling mellom trygdekontor og trygdesøkjar. Trygdekontoret er kjent for å drive regelorientert sakshandsaming. I denne rapporten vert oppmerksemda retta spesielt mot saker der skjønnsvurdering kan kome inn. Ein går difor spesielt inn på saker der søkjarane er husmødre, deltidsarbeidande kvinner og sjølvstendig næringsdrivande, og viser korleis eit eventuelt skjønn blir utøvd i desse typane saker. Undersøkinga er basert på intervju med tilsette ved fire trygdekontor samt eit utval klientar som har gjennomgått ein søkjeprosess med tanke på uførepensjon. Det er lagt vekt på å få fram klientane sine skildringar av møte med trygdekontoret. Trygdefunksjonærane sin arbeidssituasjon og dilemmar dei står overfor, blir drøfta i lys av rammevilkåra dei har i sitt arbeid. Her blir det lagt vekt på å få fram eventuelle variasjonar i organisering av arbeidet og i uforming av trygdefunksjonærrolla.

Bestill rapport

Trygdefunksjonæren som portvakt i trygdesystemet | (rapportnr. 199216)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 100,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



    X