Rapporten er delt i to hovudbolkar. Den første bolken har ei overordna og prinsippiell tilnærming, både miljøfagleg, forvaltningsmessig og overvakingsmetodisk. Her prøver vi å setje miljøpåverknad og overvakingsarbeid inn i ein forvaltningsmessig samanheng, og diskuterer fenomen som bereevne, indikatorproblem, relevans, ressursbruk, fagkompetanse og reguleringsalternativ. Denne bolken munnar ut i eit kapittel der vi diskuterer aktuelle rammevilkår og kunnskapsbehovet framover, og poengterer verdien av ein prøve/feile og korrigerings-fase når ein skal setje overvakingsplanen ut i livet; det er ein del av kunnskapsoppbygginga på miljøovervaking på Svalbard. Den andre bolken er eit konkret forslag til overvakingsplan, der 10 lokalitetar er prioritert etter samråd med Sysselmannen m.fl.

Bestill rapport

Plan for overvaking av miljøpåverknad på Svalbard, forårsaka av friluftsliv og turisme | (rapportnr. 199714)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 120,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



    X