Bustadløyse i mindre kommunar er eit lite synleg problem, men med sosialkontoret som inngangsport, gir denne rapporten innblikk i eit problemområde som for dei fleste er skjult, og som utfordrar sjølvbiletet til dagens velferdskommunar. Rapporten presenterer den første studien av bustadløyse utanom storbyar i vårt land. Fokus i rapporten er ikkje på omfanget av problemet, men på bustadløyse som fenomen, og kva tilbod som blir gitt til denne gruppa. I tillegg gir rapporten ein presentasjon av variasjonsbredden i tilpassingar blant dei bustadlause, og den kjem også inn på noko av bakgrunnen for at dei har kome opp i denne situasjonen. For nokre er bustadløyse ei eingongshending, for andre er det ein meir eller mindre permanent situasjon. Denne undersøkinga viser at bustadløyse i mindre kommunar oftare kan karakteriserast som ei vandring mellom ulike typar opphaldsstader. Det å bu midlertidig, ser ut til å ha blitt ein meir eller mindre permanent livsstil, og både det offentlege hjelpeapparatet og private aktørar er sentrale bidragsytarar i denne tilpassinga. Dette er noko av bakgrunnen for samanlikninga med dei gamle legdsordningane. Dei bustadlause har ofte samansette problem, slik at bustadproblemet berre er eit av fleire hjelpebehov. Det blir hevda at manglande samordning av ulike hjelpetenester er med å bidra til at bustadløysa kan bli oppretthalden over tid. Fokuset på dei bustadlause revitaliserer diskusjonen om verdige og uverdige trengande, og opnar opp for ein diskusjon om hjelpeapparatet som forvaltarar av marginalisering. Datamaterialet som ligg til grunn for undersøkinga er innsamla i sju kommunar på Austlandet.

Bestill rapport

Vår tids Legdefolk? Bustadsløyse i mindre kommunar. | (rapportnr. 200014)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 200,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



    X