Denne rapporten utgjer sluttrapport frå prosjektet Kommunar og fylkeskommunar som regionale utviklingsorgan. Prosjektet er utført på oppdrag frå Kommuneinndelingsutvalet, gjennom eit samarbeid mellom NIBR Nord-Norge, Vestlandsforskning og Østlandsforskning. Ved Vestlandsforskning er dette prosjekt O-214, ved NIBR prosjekt O-672 og ved Østlandsforskning prosjekt L422.00. Forskningsleiar Oddbjørn Bukve ved Vestlandsforskning har vore prosjektleiar. Frå Vestlandsforskning har og Morten Simonsen delteke på prosjektet. Tor Dølvik og Jon Helge Lesjø har delteke frå Østlandsforskning, i første fase av prosjektet også Svein Erik Hagen. Øyvind Glosvik har stått for NIBR Nord-Norge sitt bidrag. Forskargruppa har hatt to samlingar der vi i felleskap har drøfta opplegget for og innhaldet i rapporten. Elles har hovudansvaret for dei ulike kapitla vore delt mellom forskarane slik det framgår av dei enkelte kapitla i rapporten. Rapporten vert distribuert gjennom Vestlandsforskning og Østlandsforskning. Lesarar som ikkje har høve til å gå gjennom heile rapporten kan nøye seg med kap. 8 som oppsummerer dei viktigaste funn og konklusjonar.

Bestill rapport

Kommunestruktur og tiltaksarbeid. | (rapportnr. 199122)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 100,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.



    X